søndag 2. desember 2018

Kva gjer russarane i jula 2018 ?

Medan me et , drikk og gurpar i vår overflod i jula - så kan det henda at russarane gjer noko heilt anna - slik dei gjorde i jula 2017.


Denne gongen skriv eg på nynorsk avdi dette er ei utdøyande målform. Men først : Eg ser kva land som er inne og les kva eg skriv på bloggen min. No ligg Russland øvst med opptil 17 treff kvar dag og Ukraina ligg på 8 . Noreg ligg sjølvsagt på førsteplass. Dei må difor finna interessante opplysningar her ; sidan denne enkle nettsida mi er lesverdig for utlendingane. USA ligg også høgt oppe på denne rankinga.

Sist jul var russarane mykje aktive : Dei oppretta ein heilt ny base på Frans Josefs land der oppe i is-audet. Dette vart knapt registrert her i vest ; men USA var seinare på året i nærleiken der oppe med måling av radioaktivitet - og fekk utslag på sine instrument ved Frans Josefs land. Så langt eg skjønar har russarane bygd opp infrastrukturen der med ferdig-element ( containarar ).
Vidare les eg i dag om at dei skal byggja oppatt byen Pevek i Aust Sibir Sjøen. Der var det i 1980 12.000 innbyggjarar - no berre kring 4.000 .

I fjor øvde russiske styrkar på åtak mot Svalbard - noko vår utanriksminister og E-sjef nekta for . Men i 2018 kunne dei same personane stadfesta at dei visste at russarane simulerte åtak mot Svalbard. I samband med denne øvinga gjorde russarane noko dei aldri har gjort før - dei røyklagde marinehavnene på Kola i samband med starten på øvinga deira. ( Zapad 2017 . Zapad tyder vest ).

For nokre år sidan gjekk ein russisk ubåt under isen der nord og navigerte seg fram til pol-punktet.
Der planta dei eit russisk flagg på havbotnen. Ja , russarane har nok ambisjonar i desse farvatna - og det er nok olje og gass som driv dei. Men Svalbard har også ei strategisk plassering for deira væpna styrkar - derom er det ingen tvil.
Så kva skjer jula 2018 langt der nord ? Eg veit ikkje svaret ; men vert ikkje undra om bjørnen i aust rører på seg medan me gaflar i oss julematen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar