fredag 14. desember 2018

Mine tankar om framtida


MINE TANKAR OM FRAMTIDA

Les me i Det nye testamente , så fekk Jesus spørsmål om endetida : Hans svar var mellom anna at me skulle studera profeten Daniel - og skjøna det me les der. Så langt eg har funne ut ; så er dette einaste gongen Jesus syner til ein bestemt profet i Det gamle testamente.
Dette rådet frå Jesus har eg teke på alvor og har studert profeten Daniel i over 30 år. Det må gå å knekkja denne Daniel-koden ; har eg sagt til meg sjølv. Men eg hadde ein ukjend faktor som gjorde umogeleg å finna ei løysing.
Ei april-natt i 2016 vart eg brått vekt av ei røyst som sa følgjande ord : DONALD TRUMP ER ANTIKRIST. Eg hugsar at eg låg på mi høgre side og denne røysta kom liksom inn frå sengegavlen ved hovudet mitt. Så snudde eg meg i senga og såg på klokka : Ho synte 0500 om morgonen. Det tok lang tid før eg sovna att.
I april 2016 var det ingen som hadde noko tru på at herr Trump hadde nokon sjanse til å verta president i USA. Folk berre flirte når namnet hans vart nemnd. Det var heilt andre kandidatar dei trudde på.
Denne opplevinga mi var heilt reell slik eg har skildra ho. Men eg er fullt klar over at denne stemma eg høyrde ikkje sikkert kom frå Herren - det kan sjølvsagt vera frå den vonde som har freista å lura meg.
Men tek ein som utgangspunkt at denne stemma kom med sanninga ; vert dekodinga av profeten Daniel slik :
- trengselstida som Bibelen talar om kjem om to år , altså årsskiftet 20 / 21 . Mange kristne trur at opprykkinga til himmelen for dei kristne vert før trengselstida - men eg trur at kristne ( utvalde ) også må gjennomgå denne grusomme tida med krig og elende.
- president Trump vil regjera i 3,5 år : Han vert avsett i juli 2020
- Harmageddon-slaget vil skje på vårparten i 2027 - og då vil Jesus koma tilbake til Oljeberget i Jerusalem - truleg i mai dette år.

Såleis : Vert president Trump avsett i juli 2020 ; er det truleg at resten av mitt " reknestykke " også er korrekt. I motsett fall så raknar heile tankerekkja og eg har vorte lurt av DEN VONDE ei aprilnatt i 2016. Eg skal opp til "eksamen " om 1,5 år ; så får dei som lever då sjå om eg strauk !
Det er ein mann inne i Hardanger som skriv mykje på nettet om trua si. Han har gått heilt andre vegar i Bibelen og funne ut at Jesus kjem tilbake til jorda vår i 2028. Berre eitt års differanse mellom oss !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar