lørdag 23. juni 2018

Jonsók - til minne om Johannes døyparen

Naustet vårt



I kveld er det jonsok- aftan. Jonsok er til minne om Johannes døyparen som vart halshogd. På primstaven er det merka med ei krone , ein kross , ein ljå eller eit tre. Denne kvelden vert også kalla Jonsváka. Frå gamalt av har dei tent eld - kalla briseld.

Me har invitert naboar til samkome i naustet vårt i kveld. Det har vorte slik at folk ofte sit heime og glor på TV i staden for å vitja naboane - slik det var før - då eg vaks opp. Difor prøver me å endra litt på dette. Men no er det også fotballtevling i Russland i tillegg ; så me er spente på kor mange som kjem i kveld.
Denne skrivaren er ikkje meir interessert i fotball enn katten ; men sidan eg ikkje veit kor mykje katten er interessert i fotball - så er det mogeleg at han er meir interessert enn meg.
Til slutt : Lukke til med kvelden - lesar !
( Om du trykkjer på bilda på denne bloggen : kjem dei fram mykje tydelegare ).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar