Kona og jeg har startet fisket etter torsk med garnlenke . Vi har kraftblokk i båten som gjør arbeidet lettere for oss gamle på 83 år - det er tungt å dra opp slike garn fra en dybde på 50 meter . Torsk er det foreløpig lite av : Men lyr , stor hyse og stor sei har vi fått hittil .
-----------------------
Dette innlegget er skrevet på nynorsk .
Bibelen skildrar to mykje alvorlege
hendingar på jord : Syndeflóda og øydeleggjinga av byane Sodoma
og Gomorra ; som låg ved Daudehavet . Ei slik syndeflod skal aldri
koma att – lovar Herren . Men eld og svovel skal ein gong til ramma
menneska : Under slaget på Harmageddon .
Denne skrivaren har sett fleire
video-filmar der folk går inn i ruinane av Sodoma . Der finst små
ballar av svovel . Tek du ein slik ut or jorda og tenner på han : Så
brenn han så godt som svovel skal brenna .
Det som hende i Sodoma og Gomorra er
grundig omskrive i Skrifta . Då sodomittane freista å voldta ein
engel : Rann det over for Herren . Byane vart oppbrende med eld og
svovel og få kom levande ut derifrå .
Den norske kyrkja ( Dnk ) bryr seg
ikkje om dette skadeverket som Jahve utførde den gong ved Daudehavet
: Dei har vedteke å viga likekjønna par og velsigna dei . Då er
det nærliggjande å spørja : Er det ikkje sant dette drastiske som
hende i desse to byane ? Om svaret er nei , det er ikkje sant , kan
ein spørja : Kva meir tull kan ein finna i Bibelen ? Det er komplett
uforståeleg for underskrivne å skjøna tankegangen her . Ein skal
ikkje leggja til eller trekkja noko frå i Skrifta .
Det seiest at kring 2 % av menneska er
fødde med homofil legning . Det kan dei slettest ikkje klandrast for
. Om eg skulle vera fødd kleptoman - altså ha stor trong for å
stela – kan eg ikkje klandrast for det . Men så lenge eg held meg
i skinnet og ikkje stél : Så syndar eg ikkje . Slik er det også
for dei homofile – meiner eg . Men det Dnk gjer er å velsigna
homofile gjerningar .
Når eg grundar på Skrifta : Så vert
eg meir og meir overtydd om kor uhyre streng vår allmektige Gud er .
Tenk på gjerninga til Adam og Eva i Eden : Dei knabba til seg eit
eple og åt det . I vår straffelov vert ikkje eit slikt lovbrót
klassifisert som tjuveri – men berre som naskeri . Tenk vidare på
dei forferdelege konsekvensane denne naskinga fekk for etterkomarane
av Adam og Eva .
Vår allmektige Far i himmelen styrer
oss menneske etter dei ti buda . I praksis er det umogeleg for oss
jordbuarar å greia følgja alle desse og leva etter dei . Me er alle
syndarar . Det finaste som finst på jord er kjærleiken mellom ein
mann og ei kvinne . Dette toppar seg nok i ektesenga – der eit nytt
menneske vert skapt . Noko så komplisert som å skapa eit nytt
menneske er uhyre enkelt og herleg . Det er under denne akta to
menneske på jord kjem nærast guddommen – trur eg . Jahve er
utvilsomt til stades og medverkar under denne skapinga av eit nytt
menneske . Det er difor me skal kalla Han for vår Far i himmelen .
Så attende til hendingane sodomittane
føretok seg . Homofile menn oppsøkjer - under kjønnsakta - den
mest forureina staden på kroppen . Slikt fører ikkje til nærvær
av vår Far i himmelen og heller ikkje til nokon ny skapning .
Homofile gjerningar er ei stor synd i augo til Herren og Han brukte
eld og svovel for å utrydda menneska i desse to byane ved Daudehavet
. Då skjønar eg slett ikkje korleis Dnk , med sine bispar og
prestar , kan finna på å velsigna homofili og viga to likekjønna
som ektefeller .