onsdag 5. mars 2025

Dei drastiske hendingane i Sodoma og Gomorra


 Kona og jeg har startet fisket etter torsk med garnlenke . Vi har kraftblokk i båten som gjør arbeidet lettere for oss gamle på 83 år - det er tungt å dra opp slike garn fra en dybde på 50 meter . Torsk er det foreløpig lite av : Men lyr , stor hyse og stor sei har vi fått hittil .

                                                                  -----------------------

Dette innlegget er skrevet på nynorsk .


Bibelen skildrar to mykje alvorlege hendingar på jord : Syndeflóda og øydeleggjinga av byane Sodoma og Gomorra ; som låg ved Daudehavet . Ei slik syndeflod skal aldri koma att – lovar Herren . Men eld og svovel skal ein gong til ramma menneska : Under slaget på Harmageddon .

Denne skrivaren har sett fleire video-filmar der folk går inn i ruinane av Sodoma . Der finst små ballar av svovel . Tek du ein slik ut or jorda og tenner på han : Så brenn han så godt som svovel skal brenna .

Det som hende i Sodoma og Gomorra er grundig omskrive i Skrifta . Då sodomittane freista å voldta ein engel : Rann det over for Herren . Byane vart oppbrende med eld og svovel og få kom levande ut derifrå .


Den norske kyrkja ( Dnk ) bryr seg ikkje om dette skadeverket som Jahve utførde den gong ved Daudehavet : Dei har vedteke å viga likekjønna par og velsigna dei . Då er det nærliggjande å spørja : Er det ikkje sant dette drastiske som hende i desse to byane ? Om svaret er nei , det er ikkje sant , kan ein spørja : Kva meir tull kan ein finna i Bibelen ? Det er komplett uforståeleg for underskrivne å skjøna tankegangen her . Ein skal ikkje leggja til eller trekkja noko frå i Skrifta .


Det seiest at kring 2 % av menneska er fødde med homofil legning . Det kan dei slettest ikkje klandrast for . Om eg skulle vera fødd kleptoman - altså ha stor trong for å stela – kan eg ikkje klandrast for det . Men så lenge eg held meg i skinnet og ikkje stél : Så syndar eg ikkje . Slik er det også for dei homofile – meiner eg . Men det Dnk gjer er å velsigna homofile gjerningar .


Når eg grundar på Skrifta : Så vert eg meir og meir overtydd om kor uhyre streng vår allmektige Gud er . Tenk på gjerninga til Adam og Eva i Eden : Dei knabba til seg eit eple og åt det . I vår straffelov vert ikkje eit slikt lovbrót klassifisert som tjuveri – men berre som naskeri . Tenk vidare på dei forferdelege konsekvensane denne naskinga fekk for etterkomarane av Adam og Eva .


Vår allmektige Far i himmelen styrer oss menneske etter dei ti buda . I praksis er det umogeleg for oss jordbuarar å greia følgja alle desse og leva etter dei . Me er alle syndarar . Det finaste som finst på jord er kjærleiken mellom ein mann og ei kvinne . Dette toppar seg nok i ektesenga – der eit nytt menneske vert skapt . Noko så komplisert som å skapa eit nytt menneske er uhyre enkelt og herleg . Det er under denne akta to menneske på jord kjem nærast guddommen – trur eg . Jahve er utvilsomt til stades og medverkar under denne skapinga av eit nytt menneske . Det er difor me skal kalla Han for vår Far i himmelen .

Så attende til hendingane sodomittane føretok seg . Homofile menn oppsøkjer - under kjønnsakta - den mest forureina staden på kroppen . Slikt fører ikkje til nærvær av vår Far i himmelen og heller ikkje til nokon ny skapning . Homofile gjerningar er ei stor synd i augo til Herren og Han brukte eld og svovel for å utrydda menneska i desse to byane ved Daudehavet . Då skjønar eg slett ikkje korleis Dnk , med sine bispar og prestar , kan finna på å velsigna homofili og viga to likekjønna som ektefeller .






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar