Det er 13 år sidan dette fotoet vart teke av ei lokalavis under eit kultur-arrangement for kystkulturen . Den gong spelte eg trekkspel til publikum frå båten min . Ja , no er det mange år sidan eg dreiv med slikt og fingrane mine har vorte eldre og slett ikkje så mjuke som før . Trekkspelet får kvila no !
--------------------
Eg trur at me no er komne langt ut i dei siste dagar og har grunda på endetida i ein mannsalder . Det er to " profetar " som er samstemte om kva som vil henda når tredje verdskrig bryt ut : Lebesbymannen ( Anton Johansen ) og pastor Phillip Barnett som har skrive " Azovmena-profetien " . Barnett er amerikanar og har vore evangelist for pinserørsla i Ukraina i 23 år .
I ei novembernatt i 1907 ser Lebesbymannen at tredje verdskrig bryt ut når Russland får problem med Ukraina . Då ser han også at mange amerikanske byar står i brann samstundes som ein kraftig tsunami kjem i Nordsjø-bassenget . Denne flodbølja gjer stor skade både i England og andre land som grensar til Nordsjøen - herunder Noreg - som vil få skadar heilt nord til Bodø . Me veit at russarane har produsert ein såkalla dommedagstorpedo - " Poseidon " - med eit uhyggeleg kraftig atomstridshovud som kan laga ei enorm flodbølje . Den nye atomdrivne russiske ubåten " Belgorod " har seks slike torpedoar om bord .
Azovmena-profetien seier at USA vil bruka åtte taktiske ( små ) atombomber - på namngjevne stader i Ukraina - for å stoppa russisk framrykkjing mot Kiev . Dette hender når russarane rykkjer fram mot denne byen for andre gong . Dei har alt gjort det ein gong - i starten på Ukraina-krigen for meir enn fire år sidan . Russland reagerer så ved å koma med eit voldsomt kjernefysisk åtak mot 27 store og namngjevne byar i USA og såleis setja desse i brann . Chicago vert først råka - fortel Barnett .
Russarane vil overleva denne atomkrigen : Dette landet saman med Tyrkia , Iran , Libya samt Sudan skal seinare gå til åtak på Israel og kjempa på Harmageddon-sletta . Førebuingane til dette siste slaget på denne jord er alt i gong : I fjor oppretta russarane ein marinebase i Libya . I år oppretta Russland ein marinebase i Sudan der 300 russarar skal ha opphald .
Profeten Sakarja ( 13 : 8-9 ) kan fortelja at to tredjedelar av jødane skal lata livet i samband med Harmageddon- slaget . Det vert nok eit forferdeleg bombardement mot Israel når desse fem landa går til åtak . Skrifta kan fortelja at grunnen til dette åtaket er at Gog-hæren er ute etter å røva til seg skattane i Israel . I klårspråk er dette Israel sine store olje-og gass funn ute i Middelhavet . MEN : Sjølv om det vert brukt ballistiske missil ( går heilt opp til utkanten av atmosfæren og kjem nærast loddrett ned mot målet ) , hypersoniske missil med ein fart på 10 Mach - og andre kraftige våpen ; så vil desse våpna med konvensjonelt stridshovud ikkje greia å ta livet av to tredjedelar av jødane i Israel - meiner eg . Nei , atomvåpen vert nok brukt mot Israel for å utføra det profeten Sakarja fortél . Truleg vert små A-bomber nytta ( taktiske ) og desse vil nok også råka store byar i Israel - skal så mange jødar mista livet. Men kyststripa tilhøyrande jødane vert nok spart - olje-og gassinstallasjonane vil nok angriparane slå kloa i - det seier seg sjølv . Om Iran ikkje har fått atomvåpen på denne tid : Så manglar ikkje russarane slike våpen . Dette landet er verda si sterkaste atommakt med meir enn 6000 atomstridshovud og russarane vert med I Gog-krigen .
Det er også interessant å lesa Matteus ( 24 : 15 ) der Yeshua blir spurt om endetida . Han viser då til profeten Daniel og bed oss lesa og forstå det me lés der . Han nemner den " øydeleggjande styggedom " som vil vera på heilag stad . Denne skrivaren trur at den øydeleggjande styggedom er atomvåpen . Den heilage stad er Jerusalem .

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar