fredag 20. juli 2018

Stille flyter Don

 Sitjebenk til bruk for ålmenta
Har omdøpt Holme-elva til Don ! Her pumpar eg vatnet frå - til åker og eng



STILLE FLYTER DON

Sidan nynorsk-delen er laber i samfunnet vårt , vil eg bøta litt på dette. Når eg skriv i avisene her ; nyttar eg nynorsk. Hovudspråket til examen artium ved Hordaland Fylkeskommunale Gymnas i Bergen , var også nynorsk for meg ( 1961 )

Om denne Holme-elva kunne tala ; kunne ho fortelja om mangt og mykje. Nede på Knappen , som me seier , var det meieri heilt frå 1909 og fram til 1970 talet. Ved sidan av meieriet står ishuset med tjukke gråsteinsmurar for å halda varmen ute så isen ikkje skulle tina . Rundt isen var det bork og sagerubb. Kvar vinter måtte det sagast is på Holmevatnet av alle bøndene som sokna til Holmeknappen Meieri. Dette vatnet er i mi eige ; men har no skrumpa inn til berre ei lita elv. Vatnet ligg om lag 250 meter frå bustaden vår - slik at mitt småbruk har to teigar.

Kring 50 bønder var med å ta is om vinteren og min far var " is-formann " i mange år. Først måtte Holmevatnet demmast opp ved ei bru ; slik at det vart mykje stort. Når isen hadde lagt seg , og vorte høveleg tjukk , måtte alle leverandørane samlast. Ei gruppe saga is med svære is-sager , ei gruppe fløta isen ned til lessing-plassen , ei gruppe køyrde med hest og slede ( eller kjerre om det var tørrfrost ) og ei gruppe held til i ishuset : Plasserte isblokkene og måka på sagerubb.
Eg minnest hestar som køyrde dagen lang opp og ned frå Knappen i ei heil veke. Når det var snø ; så var den kvite snøen i vegen full av hesteskit og brun / svart.
Me gutar fekk også vera med på dette arbeidet som var utruleg moro : Me fløyta isen med stenger av tre med kvasst jarn i eine enden.
Mykje spesial-reiskap måtte til for å gjennomføra denne is-takinga : Men det hadde alle smedane i vår kommune ordna. Store is-sager , jarnstenger der ein rissa inn i isen kor skøren skulle gå , store klyper som ein hukka tak i isen ved pålessing og små krokar for å skyva blokkene.
Kommunevåpenet vårt er ein navar ( bor ). Her var mange navarsmedar og framleis er det to slike handverkarar att. Det var ein kunst å kunna smi ein skikkeleg navar. Det har vore folk heilt frå Mali i Afrika for å læra dette - for fem/seks år sidan.

Ja , dette kunne Holme-elva fortelja i kortform....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar