mandag 26. august 2024

Krigane før Harmageddon-slaget

 

Dette innlegget er skrive på nynorsk


Me som finn det hugsamt å lesa i Skrifta og grunda på opplysningane der : Kan koma til fleire konklusjonar no i endetida . Grensene til Israel er fastsette av Vår Herre slik : Frå Jordanelva til Middelhavet og frå Egypt-bekken til elva Eufrat . Det vil seia at Judea og Samaria ( Vestbreidda ) og Gaza samt Libanon vert lagt under Israels land . Eg trur at det er dette som no vil henda . Me veit at det tredje tempel skal byggjast opp att : Då må jødane sjølvsagt ha full kontroll over Tempelplassen – og dei to moskeane der vert truleg rivne i samband med byggjinga av tempelet .


Gaza vil verta knust ; seier Bibelen . Dette er i ferd med å skje no . Egypt vil også verta utsletta . Truleg kjem dette landet påny i krig med Israel og jødane sprengjer Aswan-dammen . Då vil det verta fullstendig katastrofe for egyptarane . Hugs også på at Egypt ikkje er med under Harmageddon-slaget – landet er allereie øydelagt då .

Bibelen fortél også at Damaskus , hovudstaden i Syria , vil verta knust i dei siste dagar . Såleis er det då logisk at Syria heller ikkje kjem med i det store panserslaget i Nord-Israel - på Harmageddon .

Dei landa som vert med i det siste slaget på jord er desse : Russland - ved leiar Gog , Tyrkia , Iran , Libya og Etiopia ( Sudan ) . Desse landa er då ikkje slått ut militært sett i tidligare krigar på jord . Dei går til åtak på Israel for å røva til seg skattane som finst der – seier Skrifta. I klarspråk er dette olje og gass samt avansert teknologi .

I skrivande stund har USA store maritime styrkar plassert nært oppunder Israel – herunder hangarskipsgrupper som har enorm slagkraft . Om slike styrkar hadde vore der under slaget på Harmageddon : Så ville ikkje jødane tapt dette siste slaget . Men det gjer dei og Herren sender eld og svovel mot Gog-hæren og knuser han . Då finst to alternativ : Anten er USA slått ut i ein tidlegare atomkrig eller så har dei kome på kant med jødane .


Då kjem eg i hug kva Lebesbymannen såg i eit syn ei november-natt i 1907 : Mange amerikanske byar stod i brann – om lag samstundes som denne flodbølja oppstod i Nordsjøen og gjorde stor skade i mange land – herunder i Noreg . Verknadene av atombomber er slik : Først eit kraftig lysglimt . Så kjem ei enorm varmestråling der jamvél bildekk vert sett i brann . Så kjem ein uhyre kraftig vind ut frå 0-punktet til bomba . Deretter kjem ein kraftig vind motsett veg grunna undertrykket . Til slutt kjem det radioaktiv stråling . Russarane har missil som veg opptil 200 tonn og som har inntil 10 atomstridshovud ; som på eiga hand kan navigera mot kvart sitt mål ( Sarmat – missilet også kalt Satan 2 ) .

Om ovannemde eg her har skrive innheld sanning : Så er Israel no berre i startfasen i høve til dei krigane som ventar dei . Det er godt mogeleg at jødane tek i bruk sine atomvåpen både mot Egypt og Syria . Desse kan skytast ut frå svære lastebilar , frå missil på bakken ( Jerico – missil ) eller frå israelske ubåtar . Både jødane og oss andre vil gå vonde tider i møte – inntil Herren hentar dei som skal rykkjast opp .



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar