onsdag 28. august 2024

Råd om krig skulle koma ( nynorsk )


 

HEIMLEGE FØREBUINGAR PÅ KRISE OG KRIG


Styresmaktene våre har ved fleire høve gått ut til folket og bede oss førebu heimen på krise og krig .Jamvel har dei sendt ut skriv til alle husstandar i Noreg om slike tiltak . Denne skrivaren har i yngre år vore yrkesoffiser i Hæren . Såleis har eg gått og traska ei heil veke utan mat i lendet nær svenskegrensa - som kadett ved Krigsskolen. Men vatn var å finna der . Ja , vatn er det aller viktigaste å lagra i heimen om krigen skulle koma hit. Våre vasskjelder er opne : Ved radioaktivt nedfall vert desse kjeldene forureina . Då bør ein ha reint drikkevatn lagra heime . Det trengst minst tre liter vatn til kvar person kvar dag . Eg har lagra vatn i 20-liter plastdunkar kjøpte hjå Biltema . Kvart halvår skifter eg nytt vatn i dunkane mine .

Først gjekk styresmaktene ut og bad oss ha mat og vatn lagra i heimen for tre dagar . Seinare endra dei dette til ei veke . Men eg vil tilrå å ha nok vatn og mat for 14 dagar . Grunnen til dette er følgjande : Skulle eit atomkraftverk eller ei atombombe gå av i Europa : Så kan vér og vind føra radioaktivt nedfall hit til oss . Då får me såkalt sekundær-stråling frå terrenget ( hugs kva som skjedde her ved Tsjernobyl-ulukka : Sauebøndene våre måtte fóra dyra med eit spesielt stoff eit heilt år før dei kunne slaktast ). Våre styresmakter følgjer nøye med om det kjem radioaktivt nedfall til vårt område . Såleis får me melding om dette i media eller på mobiltelefonane våre. Om det kjem mykje slikt nedfall : Så vil eg halda meg inne i heimen i 14. dagar og stengja ventilane i huset . Då er sekundær-strålinga frå terrenget redusert til kring 3 % - seier dei kunnige . Om du må gå ut tidlegare : Så ha på regntøy og støvlar og tak dette av deg før du går innatt i huset .


Elektrisk straum er luksus som brått kan forsvinna i krise og krig . Tenk gjennom korleis du skal overleva utan slikt . Somme har aggregat til rådvelde - dei fleste har ikkje det . Då bør ein ha grovt salt lagra heime slik at innhaldet i fryseboksen kan saltast ned . Såleis må ein også ha plastkar til varene . Har du vedomn i huset og ved på lager ; Så er dette ein stor føremun . Elles får ein kjøpt gassbrennarar til oppvarming og andre slike til koking . Det er lurt å kjøpa brød , putta desse i ein plastpose og leggja dei i frysaren . Knekkebrød står seg også lenge i huset . Havregryn kan metta ein svolten mage . Elles bør ein ha boksemat på lager til middagsmat og gjerne pålegg . Hugs også å ha stearinlys , fyrstikker og lommelykt i heimen . Batteriradio trengst for å lytta på meldingar frå styresmaktene – hugs reservebatteri . Eit åtak på Noreg kjem heilt brått og uventa : Hyllene i daglegvare-butikkane er tømde på eitt døgn når panikken har spreidd seg . Sjå berre kva som hende då Covid-19 råka landet vårt . Mange hamstra smikk-fulle handlevogner . Til og med vart det skort på dopapir .


Mobilsambandet er vekke etter kring fire timar med straumbrót . Grunnen til dette er batteri-kapasiteten til mobilsendarane . Har du fiberkabel i heimen : Så fell sambandet ut straks den elektriske straumen er vekke . Styresmaktene kan senda ut åtvaring til innbyggjarane på mobiltelefon : Dette har vorte testa to gongar . Men har den elektriske straumen vore vekke meir enn fire timar : Så fungerar ikkje denne varslinga . Ligg det eit fartøy i nærleiken der du bur : Så har slike VHF-sendarar om bord som kjem inn på det maritime naudnettet .


Landet vårt var langt betre rusta til krig og krise den 9. april 1940 enn stoda er i dag – i alle høve kva gjeld matvare-beredskap . Då var det småbruk over heile landet som avla poteter og folk dreiv jakt og fiske som matauk . Fiskarbøndene visste korleis ein kunne overleva i tronge tider . Me veit også at byfolka sende borna sine ut på landet til slekta si under krigen . Der fekk dei eta seg mette . Eg er så gamal at eg hugsar at bergensarar kom på døra til oss og tigga mor mi etter mat rett etter siste verdskrigen . Men ho hadde lite å gje vekk : Me sjølve hadde berre sukker som pålegg på brødskivene .


Tidlegare hadde Noreg lager av korn til eitt års forbruk . Men i 2003 fann Bondevik-regjeringa ut – i sin visdom – at alle desse lagra skulle leggjast ned .Kornsiloane er no omgjort til husvære og andre føremål . I dag har me berre det kornet som ligg ved møllene våre å tæra på . Såleis må me importera korn kvart einaste år . Kva om det vert krig ? Då har me ingen garanti for at det vert brød i butikkhyllene . Sitjande regjering har visstnok som mål å byggja opp kornlager som dekkjer forbruket i tre månader . Men dei skal bruka seks år på dette arbeidet .


Om russarane skulle finna på å gå til åtak på gamle Noreg : Så trur eg at det vil skje med konvensjonelle stridsmidlar – ikkje bruk av A-våpen . Grunnen til dette er at fienden er ute etter olje-og gassrikdomane våre - herunder landanlegga . Dei vil ikkje utsetja sine eigne soldatar for radioaktiv stråling . Det seier seg sjølv .


Til slutt vil eg nemna kva Lebesbymannen ( Anton Johansen ) såg i eit syn ei novembernatt i 1907 : Russarane går til åtak på landet vårt , men vert stoppa i Nordland . Samstundes invarderer russarane også Sverige . Vidare såg denne synske personen at franske fly var i luftkamp med russiske fly over sørlege delar av Noreg og Sverige . Om Donald Trump vert vald til president påny i USA : Så er det slett ikkje sikkert at dette landet vil hjelpa oss i ein krig mot Russland . Men Frankrike er også medlem i NATO – såleis rimer dette godt med stoda me kan koma i .


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar