søndag 5. august 2018

Dei gamle dampskipa

 " Hestmanden "
" Stavenes "



Dampskipa våre

Eg hugsar godt at dei gamle dampskipa la til morgon og kveld ved dampskipskaien på Holmeknappen. Det var høgdepunktet på dagen å springa ned på kaien og vera vitne til kven som kom frå byen , kva last skipet lossa her og vidare vera tilstades når postmannen las opp namna på dei som hadde fått brev. Dette siste vart gjort i daglegvare- butikken rett bortom kaien. Eit par hundre meter lenger oppe låg ein annan daglegvarebutikk.

Dampskipet " Stavenes "

Dette skipet var ein sognabåt som gjekk i trafikk der nord. Stavenes vart attfunnen i England mykje nedsarva. På den tid var Kjell Opseth samferdsleminister ( var frå Førde ) og han greidde å finna pengar på eit postfond - nok til å dekke utgiftene med å slepa gamle Stavenes heim til Noreg. Det var stor jubel  blant sogningane då Stavenes fekk sjå " dei gamle fjell i syningom ". Men så gjekk lufta  ut av denne " restaurerings-ballongen "- og skipet vart liggjande mange år ved ein kai til ergrelse for mange.
Dei seinare år har nye krefter fått restaurert Stavenes med god økonomisk støtte frå Riksantikvaren.
Såleis låg han ved Bryggja i Bergen i sin finstas denne helga.

Dampskipet " Hestmanden "

Dette er det einaste flytande skipet som har vore gjennom to verdskrigar. Såleis har den norske stat lagt ut store summar på restaurering av dette verneverdige skipet. På Bryggja laurdag fekk eg vita av ein mann ; at det har kosta 80 millionar kroner å vøla skuta slik ho ligg.
Reint estetisk er ho slett ikkje noko " syn for øyet " - meiner eg - heller tvert om. Men det er ikkje DET denne saka gjeld. Hestmanden er namnet på eit fjell ein ser i hurtigrute-leia.

- Ved Bryggja i Bergen dar låg da ein båt … , song Ivar Medaas. Han var frå Alversund eit par mil herifrå. Bergensarane kallar denne lange kaien for Bryggen. Men mor mi påpeikte ofte at det rette namnet er : Tyskebryggen. Dette namnet kjem frå den tida då Hanseatane frå Tyskland la til der med sine skuter for å driva handel med bergensarane.
Då siste verdskrigen var over og tyske jarnhelar hadde forlate Bergen ; omdøpte dei Tyskebryggen til berre Bryggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar