søndag 19. august 2018

Kystkulturdag i Hanevik , Askøy

 Dampskipet " Oster " ved kai i Hanevik
Dei spelte " Dar kjem dampen " av Ivar Medaas. Songen vart laga til nett denne dampbåten ! Han vart ombygd til sandskute ; før han vart restaurert attende til sin gamle utsjånad mange år seinare.
På veg heimatt - kona i baugen av " Knerten " saman med to garn under kassen.


GAMAL KYSTKULTUR

I dag gjekk me over fjorden frå Holmeknappen til Hanevik på Askøy for å vera tilstades på Hanevikdagen. Ferda over fjorden på slarkefart tek eitt kvarter.
Det var hyggjeleg å høyra både Ask Mannskor og Askøybeljen ( to-radarar  med komp ).

Nordhordland Veteranbåtlag eig denne gamle skuta - og underteikna var styremedlem i dette laget nokre år. Me prøvde først å restaurera gamle " Alversund " attende til dampbåt - men det synte seg etterkvart at skroget var for dårleg ( tynne plater ) så me måtte kutta ut dette prosjektet. Seinare vart gamle " Oster " innkjøpt ( gjekk som fraktebåt under namnet " VAKA "før restaurering.)

Då eg var ung gutt , gjekk dampane i rutefart her i Herdlefjorden ( til 1965 ) - og hadde både Hanevik og Holmeknappen som stoppestader - i tillegg til mange fleire.

Neste laurdag og sundag er det kystkulturdagar på Holmeknappen. Dette er eit langt større arrangement enn Hanevikdagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar