fredag 17. august 2018

Naturen har endra seg ?

Plenslåtten avslutta for i dag - og eg fall i undring !



NATUREN HAR ENDRA SEG ?

Det er no 46 år sidan me bygde huset vårt her på Holme. Like lenge har me halde på med plenslått. No er plenen på 4-5 dekar ; og me har fleire maskiner til rådvelde for å kutta graset ; vanlegvis kvar 5. dag. Sidan me bur i eit regulert kulturvern-område ; så har me teke på oss dette arbeidet som tek kring fire timar kvar gong. Men ingen takkar oss for alt arbeidet !

I går kom det mykje regn ; og Holme-elva gjekk over sine breidder og laga innsjø nedom løa vår. Slikt er vanleg gjerne to-tre gongar i året. Men då plar bakken vera så blaut dagen etter at det er umogeleg å bruka plentraktoren. Han køyrer seg fast i blaut-myra der innsjøen var.
I dag var graset så høgt at eg tenkte å fleista slå nedom løa. Men : Bakken var knallhard overalt ; og slåtten gjekk heilt fint som om det skulle vore solskin i tre veker i strekk.

Slikt har eg aldri opplevd dei 46 åra eg har slått denne plenen. Skal eg freista å forklara dette ; så er det gjerne slik at jorda har lukka seg fullstendig att grunna den uvanlege tørken. Men - det har jo kome regn i fleire dagar før denne storflaumen kom. Så jorda skulle ha opna seg . Ja , vil ho nokon gong opna seg att ??



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar