torsdag 16. august 2018

Vatnet som ikkje væter

På veg til Bergen i sommar med M/B " Pasadena "-  Kongsberg-folket ville på Fløyen !


VATNET SOM IKKJE VÆTER

Det har kome ein god del med regn den siste tida. Då kona skulle ta opp poteter or jorda til middag ; så var det tørt der potetene vaks. Sjølve jorda var så underleg ; sa ho.

Ja , mykje er underleg dette året. Bøndene har fått svært små fór-avlingar og kyr må slaktast. Fleire kommunar har problem med vasskjeldene sine som snart er tørre. Askøy har vatn til medio oktober. På grunn av kommunalt sommel og innhenting av anbod ; er leidningen frå Askevatn til Ingervatn ikkje klar før i november. Men det er tomt i leidningane før den tid.
Eg les også at kommunar på Austlandet har slike problem m.a. Nesodden ved Oslofjorden.

Så har me problem med vatn til kraftverka våre. Stortinget har avgjort at EU skal styra den elektriske straumen også i Noreg. Men sidan Island ikkje har sagt ja til dette - har saka vorte utsett inntil vidare.
Når det vert kuldegrader i fjellet ; så sluttar tilsiget til kraftmagasina inntil vårløysinga.
Det vil slett ikkje forundra meg om me får tidvis utkopling av straum her i landet - i alle fall vert prisen for kilowattimen svinhøg - det er han allereie.

Vidare har me sviktande matproduksjon grunna tørken i heile Nord-Europa. Me har fått små drypp med info om at det er slutt på norske poteter , gulrot og løk rett over nyttår. Då er spørsmålet : Er det mogeleg å få forsyningar frå utlandet ?
Kornproduksjonen her til lands vert truleg halvert : Min påstand er at eitt brød snart vil kosta 100 kroner.
Dei av oss som les i Bibelen ; veit at Herren straffa jødane med tørke i vél tre år. Tja , er me budd på så lang tørkeperiode ? Me veit at styresmaktene har fjerna kristendom frå skule og barnehage. Vidare har dei også endra Grunnloven slik at humanisme har kome inn i staden. Berre tre representantar frå Senterpartiet røysta mot denne endringa. Kor var KRF-ane då ?

No driv kyrkja med vigsel av likekjønna stikk i strid med orda i Skrifta ( "- vederstyggelighet for Herren …".)
Såleis er det ikkje underleg om den Allmektige no har sett foten ned. Spørsmålet vert difor : Når løfter han den oppatt ... ?  Kan henda treng me ein Elias - me også !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar